Land i Sahel-regionen har vore ramma av ei hetebølgje gjennom mars og utover i april.
Mali og Burkina Faso, i den sørlege delen av regionen, er dei som har vore mest påverka. Ved Gabriel Toure-sjukehuset i den maliske hovudstaden registrerte dei 102 dødsfall på grunn av varmen. Over halvparten av dei døde var over 60 år.
Regionen blir ikkje ramma av slike hetebølgjer ofte, men forskarar ventar at det kjem til å bli vanlegare på grunn av klimaendringar. Samstundes er denne hetebølgja truleg blitt verre på grunn av vêrfenomenet El Niño, som gjorde at det vart ei oppsamling av varmvatn i Stillehavet, og førte til mindre regn i Vest-Afrika i vinterhalvåret.