I Dubai regna det mykje på tysdag. Det kom heile 142 millimeter med regn. Det er meir enn det pleier å regne på eitt år i Dubai.
Dubai ligg i ørkenen. Vanlegvis regnar det gjennomsnittleg 94,7 millimeter i året, skriv VG.
Regnet har ført til problem for fly- og biltrafikken. Skulane er stengt, og vaksne blir bedt om å jobbe heimanfrå viss dei kan.