Ei internasjonal gruppe forskarar kan ha oppdaga over 100 nye artar, skriv VG. Artane lever i undervassfjell utanfor kysten av Chile. Eit undervassfjell er eit fjell på havbotnen som er minst 1000 meter høgt utan å komme over havoverflata.
Schmidt Ocean Institute sende ein robot for å kartlegge havbotnen og undersøke ti undervassfjell. Målet med kartlegginga var å finne ut korleis Chile betre kan ta vare på desse områda.
Roboten kan gå så djupt som 4500 meter. Ved hjelp av roboten fann forskarane ut at kvart undervassfjell hadde eit unikt økosystem. I tillegg oppdaga dei over 100 artar dei meiner er heilt nye.
Forskarane undersøker no artane nærmare for å få bekrefta eller avkrefta om dei er nye artar. Forskarane vil også undersøke havbotnen meir i løpet av året.