No kan du røyste på kva dialekt Donald skal få

Donald Duck skal få prøve seg på ulike dialekter i jubileumsåret 2024.

Donald Duck & co. feirar 75 år i Noreg, og det skal markerast ved at karakterane i bladet skal få prøve seg på forskjellige norske dialekter gjennom heile året.

Den første utgåva er no publisert, og i ei av historiene i bladet er Donald og venene hans omsette til sørlandsdialekt av youtubar Christopher Robin Omdahl frå Mandal. Ifølge redaktør Marius Molaug er det truleg første gong ei heil Donald-historie er omsett til dialekt, opplyser VG.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Donald Duck & Co (@donaldduck_norge)

Det er også bestemt at karakterane i Andeby skal omsettast til bergensk, nordsamisk og trøndersk dialekt, men utgivar Egmont har også bede lesarane om innspel til kva dialekter bladet skal innehalde gjennom året.

12 kandidatar

Bladet har fått inn over 1000 forslag frå lesarane, og ein har no valt ut 12 dialekter som publikum kan røyste på.

Kandidatane er:

  • Hedmarking
  • Bodøværing
  • Møring
  • Fredrikstad-dialekt
  • Vinjemål
  • Haugesundsk
  • Sognemål
  • Hardingmål
  • Vossamål
  • Setesdalmål
  • Gudbrandsdøl
  • Tromsø-dialekt

I ein video på Facebook fortel dialektkonsulent Rune Nilson, som er frå Egersund, at han følte at det var litt flaut å snakke dialekt då han var liten.

– Det trur eg det framleis er mange som tenker. Viss Donald kan vise at alle har ei dialekt og at dei er kjempefine alle saman, så er det ein superting! seier han.