I byen Dunedin på New Zealand aukar talet på sjøløver. Det merkar innbyggarane særleg godt no når det er sommarferie på øya, skriv The Guardian. For eksempel fødde to sjøløver ungar på ein golfbane, og ei anna sjøløve svømde saman med deltakarane i ein surfekonkurranse.
Det har ikkje alltid vore så mange sjøløver i Dunedin. Lenge blei dyra jakta på på fastlandet, og sjøløvene flytta seg til nokre øyer. Men i 1993 returnerte ei sjøløve til Dunedin for å føde der. 30 år seinare fyller etterkommarane av denne sjøløva strendene.