Hvaldimir sumde i vår og i sommar rundt blant båtar fleire stader i Sverige, melder SVT.
I slutten av juli kom han tilbake til norsk farvatn ved Kragerø.
– Me har eit juleønske for Hvaldimir, og det er at han snart får møta andre kvitkvalar, seier Regina Crosby Haug i OneWhale til SVT.
Får hjelp
Akkurat no er Hvaldimir i ein fjord i Sør-Noreg, der han får hjelp av organisasjonen OneWhale.
– Fysisk er han i god form etter å ha ete mykje i løpet av hausten, men det verkar som om han kjenner seg einsam og søkjer kontakt med menneske, seier Crosby Haug.
Øvst i saka kan du sjå ein video frå YouTube (av ShibbyTraveler) som viser Hvaldimir.