201 kvadratkilometer regnskog vart rydda i november. Det er ein nedgang på 63,7 prosent samanlikna med for eitt år sidan.
Førebelse tal viser at avskoginga i Amazonas fall med 50,5 prosent dei første elleve månadene i år. Det er det lågaste talet sidan 2016, skriv NRK.
På klimatoppmøtet i Dubai sa president Lula da Silva at Brasils mål er å få slutt på ulovleg skogrydding innan 2030.