Befolkninga på New Zealand bur spreidd, slik som i Noreg. For å få levert pakkar og brev til visse delar av landet bruker posten fly. På onsdag annonserte Air New Zealand at dei hadde kjøpt eit batteridrive fly som skal levere posten frå 2026. Det skriv The Guardian.
Flyselskapet skal no avgjere kva ruter flyet skal fly, sidan dei må installere spesielle ladeboksar på flyplassane.
Flyet vil berre frakte post, men flyselskapet ønsker å også frakte passasjerar med elektriske fly i framtida. Den administrerande direktøren i Air New Zealand, Greg Foran, sa til The Guardian at han håpte elektriske fly kunne fly passasjerar før år 2030.