Supertrygt å flyge

2017 blei det tryggaste året i lufta i nyare tid.

Flyfakta
  • Eit fly (også kalla ein flygemaskin, er eit luftfartøy med faste vengjer, som ikkje kan «stå stille» i lufta slik eit helikopter kan.
  • Alle fly har ein fart som blir kalla «steilehastigheit». Ved lågare fart vil ikkje flyet vera i stand til å fly.
  • Vengjene nyttar «fartsvinden» til å skape løftekrafta som skal til for å halde maskina i lufta.
  • Flyet har motorar som verker på lufta med ei kraft, og samstundes verkar lufta tilbake på flyet med same kraft, og skapar oppdrift. Det betyr at flyet lettar.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor var det cirka fire milliardar som reiste med fly i heile verda, skriv Verdens beste nyheter. 44 av desse passasjerane omkom i flyulykker. Det har aldri før vore tryggare å flyge enn no.

Biletet er frå verdas fyrste flytur. 17. desember 1903 gjennomførte dei amerikanske brødrene Wright (Wilbur og Orville Wright) historias fyrste bemanna flygning med ei motorisert flygemaskin.