Det er veldig uvanleg å reisa med fly

Visste du at dei aller fleste menneska i verda aldri har floge?

Etter at koronaviruset kom til Noreg for snart eitt år sidan har få av oss vore i eit fly. For ganske mange nordmenn kjennest det nok litt uvant. Men, for folk i mange andre land er det å fly eit luksusgode som dei ikkje har råd til eller moglegheit til.

Faktisk var det 89 prosent av befolkninga i verda som aldri hadde floge i 2018.

Dette viser tal frå forskarar ved Vestlandsforskning, skriv Ung.Forskning.no.

Reiser du og familien din vanlegvis på sommarferie eller haustferie til eit land i Europa eller kanskje til Syden? Det er ganske vanleg. Dei fleste her i Noreg reiser med fly til utlandet minst éin gong i året. Men her skil vi oss verkeleg ut i verdssamanheng.

Berre mellom 2 og 4 prosent av befolkninga i verda flyr så ofte til eit anna land, viser reknestykket til forskaren.

Kjendisar som førebilete

Forskarane har følgt nokre kjendisar på sosiale medium og funne ut kor mykje dei flyr i løpet av eit år. Dei fann ut at kjendisar som Paris Hilton og Petter Stordalen flyr veldig, veldig mykje. Faktisk flyr kjendisar tusen gonger meir enn folk flest.

Forskarane meiner at 1 prosent av alle menneska i verda står for minst halvparten av utsleppa av klimagassar frå flyreiser. Hadde dei rikaste og mest reiseglade berre reist halvparten så mykje som dei gjer, hadde utsleppa frå flyreiser gått ned med heile 25 prosent, meiner dei.

Forskaren Stefan Gössling meiner at kjendisar er store forbilde for mange. Når dei tar bilete av seg sjølv på flyturar og gjerne på private jetfly, då tenker folk flest at dei òg kan fly, trur han.