Aust i Kina på toppen av Taifjellet samla forskarar inn vatn frå skyer. I 24 av dei 28 prøvene var det mikroplast, skriv The Guardian.
Mikroplasten forskarane fann, er vanleg å bruke i klede, innpakning og ansiktsmasker. Forskarane trur bitane blir frakta med lufta. Dei trur også at mikroplasten kan påverke korleis skyer blir danna.
Skyer påverkar både lokalt vêr og globale temperaturar. Skyer kjem med regn og snø, dei kan blokkere sola og kjøle ned jordoverflata, eller dei kan fange hete og fuktigheit, som varmar opp lufta. Forskarane ønsker å studere nærmare korleis mikroplasten i skyene påverkar vêret.