– Ein god del av plastleikeplassane er baserte på opphogne bildekk som inneheld farlege miljøgifter. Ein del andre er ikkje baserte på opphogne bildekk, men inneheld likevel problematiske stoff og heilt unødvendige plastmengder som kan spreia seg i naturen, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, til NRK.
Det er umogleg å ha kontroll på alle plastbitene som spreier seg til naturen, ifølgje Gulowsen.