– Kampen hennar har komme med store personlege tap, sa Nobelkomiteens leiar, Berit Reiss-Andersen under utdelinga.
Mohammadi har blitt fengsla 13 gonger, dømt 5 gonger og sit no i Evin-fengselet for å ha demonstrert mot styresmaktene i Iran.
– Me håper det blir tryggare for dei som er i Iran. Situasjonen er veldig farleg, aktivistar der kan mista livet. Denne prisen kan gjera det tryggare, seier Hamidreza Mohammed, bror til fredsprisvinnaren, til NRK.
Narges Mohammadi er nestleiar i ein organisasjon som vart stifta av Shirin Ebadi, som vann fredsprisen for 20 år sidan. Mohammadi har vore ei tydeleg stemme blant dei som ønskjer å avskaffa dødsstraff i Iran.
Kvinner, liv, fridom
I grunngjevinga for prisen rosar Nobelkomiteen Mohammadi for «kampen hennar mot undertrykkinga av kvinner i Iran og kampen for å promotera menneskerettar og fridom for alle».
Ho får prisen for å vera ei tydeleg stemme i demonstrasjonane som har halde på sidan Jina Mahsa Amini vart drepen i varetekt hjå moralpolitiet i september 2022.
Demonstrasjonane i Iran det siste året har vore retta mot dei strenge sømmelegheitslovane som dikterer kva som er passande å gjera. Lovane har gradvis blitt strengare dei siste åra, og handhevast av moralpolitiet.
Det siste året har fleire titusen blitt arresterte, blant dei mange barn, ifølgje Amnesty.