Forskarar har funne ut at feitt og protein i yoghurt fjernar kvitlaukande, skriv The Guardian. Forskarane ved Ohio State University i Columbus, USA, fann ut at yoghurt reduserer 99 prosent av stoffa som lagar lukt i rå kvitlauk.
Dei fann også ut at yoghurt med høgt fettinnhald var betre på å fjerne lukt enn lettyoghurt. I tillegg var det viktig at yoghurten blei spist så raskt som mogleg etter kvitlaukmåltidet.