Klimakrisa tvingar elefantar til å krysse landegrenser i den sørlege delen av Afrika, skriv The Guardian. Elefantane går til andre land for å leite etter vatn. Dei siste vekene har elefantane i Zimbabwe marsjert inn i Botswana.
Halvparten av verdas afrikanske elefantar bur i Angola, Botswana, Namibia, Zambia og Zimbabwe. Men fleire av desse elefantane dør no på grunn av varme, ifølge ei undersøking som blei publisert denne månaden.
Fraktar inn vatn
For å prøve å hjelpe elefantane har dei som jobbar i nasjonalparkane laga borehol som dei fyller med vatn. Men det er dyrt og hjelper ikkje i lengda. Det er også planar om å flytte elefantar frå ulike område slik at færre elefantar deler på det same vatnet.