Chinatown er ein bydel i New York med mange innvandrarar frå Asia. Det nye fengselet blir det høgste fengselet i verda, skriv The Guardian.
I 2019 bestemte myndigheitene i New York seg for å legge ned det gamle fengselet Rikers Island. Innan 2027 skal Rikers Island bli erstatta av fire mindre fengsel spreidde rundt i New York. Eit av dei skal plasserast i Chinatown.
Målet med å bygge nye fengsel er å betre kåra for dei som sit bak murane. Dei nye fengsla skal ligge nærmare rettssalane slik at det er mindre reiseveg for dei innsette. Fengsla skal også innehalde helseklinikkar og besøksrom med leikerom for barn.
Fryktar å bli kjent som «Jail Town»
Mange som bur i Chinatown protesterer mot bygginga. Dei er ikkje ueinige i at Rikers Island skal bli lagt ned, men dei meiner at eit høgt fengselstårn midt i bydelen deira vil påverke butikkane og bedriftene negativt. Ein av innbyggarane seier til The Guardian at han fryktar at «Chinatown vil bli kjent som Jail Town», altså fengselsbyen.
Nokon av dei som protesterer, meiner det er lurare å betre det eksisterande fengselet Rikers Island i staden for å bygge heilt nye fengsel. Andre seier til The Guardian at pengane heller burde bli brukt på førebyggande arbeid i samfunnet slik at folk ikkje hamna i fengsel i det heile tatt.