Anthaea-Grace Patricia Dennis er den yngste kanadiske som har blitt uteksaminert frå universitetet og motteke ei bachelorgrad i biomedisinsk vitskap, melder CBC News.
Allereie som 9-åring byrja ho å studera ved University of Ottawa i eit intensivt program for ungdom.
Ho har elska å læra sidan tidleg barndom: ho byrja å lesa to år gammal. Ho starta på skulen fire år gamal, og nådde åttande klassetrinn seks år gamal. Hennar største prestasjon er hennar 40-siders masteroppgåve om veslehjernen – den delen av hjernen som er ansvarleg for å koordinera balanse og rørsle.
Når Anthaea-Grace ikkje forskar eller skriv om hjernen, er ho ein veldig god fiolinist, fortel mor hennar. Ho elskar også å leika med kattane sine og sjå på TV med familien.