Kva skjer når me får ei solformørking?

Ei solformørking er eit vakkert astrologisk fenomen. Men, kva skjer eigentleg?

Ei solformørking er eit vakkert astrologisk fenomen. Den kjem i fire former som blir kalla total, delvis, ringforma og hybrid.

Ei total formørking oppstår når skiva til månen dekkjer solskiva fullstendig. Og med delvis, når berre eit fragment av solskiva er dekt.

Glødande kant

Nokre gonger hender det at avstanden til månen frå jorda ikkje tillèt at solskiva blir heilt dekt. Då vil ein glødande kant visast rundt den mørke skiva til månen. Ei slik formørking blir kalla ringforma.

20. april vart to typar formørkingar kombinerte over Oceania og Søraust-Asia. Nokon såg formørkinga som total, og andre såg den ringforma. Dette blir påverka av krumminga til jorda. Denne typen solformørking blir kalla ein hybrid. Sist det var ei hybrid solformørking var i 2013, og den neste må me venta til 2031 for å sjå.