– Gøy å sjå korleis grønsakene veks!

Elevane ved Langeland skule på Stord plantar grønsaker til skulekjøkenet.

– Det er kjekt å sjå korleis plantane utviklar seg. Det er litt rart at eit lite frø kan bli til ein stor plante, seier Emil Nysæter Silden. Han har vore med på å planta heime, hos farmor og no på skulen.

VATNAR: Elena Ormseth-Stegen (12) og Ingrid Wold Bergstøl (11) passar på at dei nye plantene får nok vatn til å veksa seg store. Foto: Svein Olav B. Langåker

Elena Ormseth-Stegen har òg ei bestemor som er opptatt av hage.

– Det er gøy å plan

ta og det blir gøy å eta maten som me har vore med på å planta, seier ho.

– Lærerikt

Elevane synest det er lærerikt å læra om korleis ein dyrkar og kva plantene treng for å overleva.

– Plantene treng sollys, vatn og næring. Og så må dei få stå i fred. Og me må ta vekk ugras og laga plass til plantene, fortel Olav Espedalen-Skram.


  • Har du lyst til å læra meir om grønsaksdyrking? Her kan du lesa om tre enkle grønsaker du kan planta gro sjølv!

Ønskjer fleire skulehagar

PLANTAR: Emil Nysæter Silden (12) og Ramin Lomar Bahar (11) plantar sellerirot i plantekassane til skulen. Foto: Svein Olav B. Langåker

For meir enn 50 år sidan hadde nesten alle skular i Noreg ein eigen skulehage. Men etter det blei det mindre vanleg. Dei siste 5-10 åra har det blitt nokre fleire skular som har fått seg skulehage igjen.

– Me synest fleire skular burde ha skulehage, seier 6. klassingane ved Langeland skule.

– Me lærer meir om naturen, og får lyst til å planta meir. Då får me òg meir lyst til å ta vare på naturen, seier Ingrid Wold Bergstøl (11).