Tre enkle grønsaker å planta

Visste du at du kan gro dine eigne grønsaker?

 

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Å gro eigen mat kan verka vanskeleg, difor har Framtida Junior samla ei liste på tre grønsaker som gjer det enkelt å starta sin eigen grønsakhage.

Undervegs må du passa på at plantene får nok vatn og lys, utan at dei blir drukna i vatn.

Reddik

Reddikar er rike i antioksidantar og minerala kalsium og kalium.

Foto: Svein Olav B. Langåker

Reddikar gjer seg godt i salatar, eller som eit mellommåltid.

Å gro dei er veldig lett. Berre følg stega under, så har du din eigen reddikåker.

  1. Fyll på med jorda ein kasse eller ei store bøtte.
  2. Strø frøa med mellomrom på 4–5 cm.
  3. Vatna plantene med jamne mellomrom
  4. Om cirka ein månad er reddikane klare til å haustast!

Sukkererter

Sukkererter inneheld mykje kostfiber, C-vitamin og B-vitamina tiamin og folsyre.

Foto: Rasbak / CC BY-SA 3.0
  1. Legg sukkerertene du skal så i ei glas med vatn i eit døgn. 
  2. Lag små hol 3 cm ned i jorda i ei potte eller ein kasse med cirka 8 cm mellomrom.
  3. Så sukkerertene nedi hola og fyll på med jord og vatna godt.
  4. Når plantene spirer, så treng dei noko å klatra i. Bruk greiner eller pinnar og hyssingtråd som dei kan klatra i.
  5. Haust sukkerertene når dei er store nok. Det tar truleg minst 40 dagar.

Gulrøter

Gulrøter er ei utmerka kjelde til betakaroten som blir til A-vitamin i kroppen. I tillegg

Foto: Svein Olav B. Langåker

inneheld dei kostfiber, kalium og vitamin C.

  1. Plant gulrotfrø i ein stor mjølkekartong, ei stor potte eller ein kasse full av jord.
  2. Strø litt jord på toppen av alle frøa og vatna godt. Det gjer ingenting om frøa ligg ganske tett.
  3. Pass på å luka vekk ugras undervegs.
  4. Du kan òg gje gulrøtene litt næring medan dei gror, då blir dei større.
  5. Det kan ta 2–3 månader før gulrøtene er ferdige, men det går an å plukka mini-gulrøter undervegs slik at dei andre får større plass. Fyll på jord i hola til dei du haustar undervegs.