Sjå desse kule grønsakene!

Fleire eksotiske grønsaker veks godt i norske veksthus. Har du nokon gong smakt uragurk, tomatillo, bitter gourd, kvit mini aubergine eller okra?

I Rogaland har forskarar testa ut dyrking av ei rekkje eksotiske veksthusgrønsaker som butikkane er interessert i å selje, skriv Forskning.no.

Kortreist er meir berekraftig

Aldri har vi ete meir grønnsaker i Noreg enn i dag. Det er godt for helsa vår. Ein del tykkjer også det er spennande å prøve ut meir eksotiske grønsaker.

Dei fleste grønsakene blir importert frå andre land. Mange må reise veldig langt for å kome til Noreg. Det er lite berekraftig når ein tenkjer på klima og miljø. Samanliknar ein med ferske, norske, nyplukka grønsaker, så har desse som regel verken blitt transportert langt eller lagra lenge.

Mogleg å dyrke meir i Noreg

No viser forskarar ved NIBIO Særheim at det er mogleg å dyrke desse nye grønsakene i Noreg. Geo van Leeuwen er avdelingsingeniør i prosjektet.

– Ta til dømes tomatillo. Dette er ei meksikansk buskfrukt som høyrer til familien av tomat og paprika, som ingen tidlegare har forsøkt å dyrke i veksthus i Noreg. Tomatillo brukast mykje i meksikansk mat, fortel han til Forskning.no.

HER ER NOKRE AV GRØNSAKENE SOM ER MED I PROSJEKTET:

AUBERGINAR: Frå andre delar av verda kan det hentast kvalitetsfrø som gir god avling av auberginar med ulik farge og form. Dette er to nye sortar. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO
TOMATILLO: I følgje forskarane har ein no knokke koden til produksjon av tomatillo i Noreg. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO
POPULÆR: Karella er spesielt populær blant indiske innvandrarar i Noreg. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO
BELGFRUKT: Okra er ei belgfrukt som opphavlig kjem frå Etiopia. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO
BØNNER: Dyrking av lange, asiatiske bønner. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO
EKSOTISK: Grønsakene Amaranthus og Fenugreek. Geo van Leeuwen, NIBIO