Ingen har sett sommarfuglen sidan 1920-talet. Etter eit par kalde og våte haustar då, forsvann han frå den engelske naturen.
Den sjeldne sommarfuglen var favoritten til den britiske statsministeren Winston Churchill. Han prøvde å hjelpe hagtornsommarfuglen tilbake til England ved å sleppe ut hundrevis av sommarfuglar i hagen på 1940-talet. Men ingen av dei treivst i statsministeren sin hage.
Nokon trur sommarfuglen er tilbake i England på grunn av at klimaet har blitt varmare, skriv BBC. Men organisasjonen Butterfly Conservation trur det heller er snakk om at nokon har sloppe ut hagtornsommarfuglar i London.
Sterkt trua i Noreg
I Noreg er hagtornsommarfuglen kategorisert som «sterkt trua» i Norsk raudliste for artar. Denne lista er ei oversikt over artar som har risiko for å døy ut frå Noreg. Ekspertar er ikkje sikre på kvifor det finst færre hagtornsommarfuglar i Noreg no, står det i raudlista.