Kunstprosjektet har fått namnet «blood money». Det betyr blodpengar på norsk. Blodet på bøkene har kunstnaren fått frå afghanarar som har donert blod. Bøkene vil bli selde til ein blodpris på 8000 pund stykket. Det er cirka 104.000 norske kroner. Inntektene frå salet skal donerast til afghanske velgjerdsorganisasjonar.
Kunstnaren planlegg å leggja dei blodige bøkene til sals 2. mai. Det er fire dagar før kong Charles blir krona til konge i Storbritannia, skriv Sky News.