Rishi Sunak er den nye britiske statsministeren

42-åringen tek over etter ein av dei kortast sitjande statsministrane nokosinne.

Måndag klokka 15 vart Rishi Sunak den nye britiske statsministeren. Han var den einaste kandidaten med nok støtte i Det konservative partiet.

Det skjedde etter Boris Johnson trekte seg som kandidat i helga. Motkandidaten Penny Mordant klarte ikkje å skaffe seg nok støttespelarar i partiet.

Sunak tek over for Liz Truss, som han konkurrerte mot i september.

Tek over eit vanskeleg parti

Rishi Sunak

I tillegg til å vere den yngste britiske statsministeren nokon gong, er Sunak også første hindu og første ikkje-kvite som har stillinga. Begge foreldra til Sunak har indisk opphav.

Han er også ein av dei rikaste personane i landet, og var finansminster i Boris Johnson si regjering.

I motsetning til Truss, som hadde Margareth Thatcher som førebilete, blir Sunak rekna til sentrum i Det konservative partiet.

Før Truss vart vald, åtvara han mot dei økonomiske tiltaka ho ville setje i gang. Han fekk i stor grad rett i at tiltaka ikkje ville vere vellykka.

Likevel kjem han til å ha ei utfordring med det splitta partiet som Liz Truss ikkje klarte å samle.