4 artige historier frå 70 år med dronning Elizabeth II

Dronning Elizabeth II av Storbritannia døydde 96 år gamal torsdag 8. september. Millionar av menneske sørgjer – og gler seg over minna etter dronninga.

1. Med Paddington på besøk

I juni i år feira britane at Elizabeth II hadde vore dronning i 70 år. I videoen over kan du sjå kva som skjedde då Paddington besøkte ho heime på Buckingham Palace.

2. Då James Bond henta ho på slottet, og det såg ut som om ho hoppa i fallskjerm.

Under opninga av sommar-OL i London i 2021, blei det spelt av ein video der sjølvaste James Bond (spela av britiske Daniel Craig) hentar dronninga heime på Buckingham Palace. Sjå gjerne slutten av videoen, der det ser ut til at sjølvaste dronninga landar med fallskjerm på OL-stadionen før ho stig inn på tribunen.

3. Då dronninga skremde kronprinsen av Saudi-Arabia.

Dronninga har møtt dei fleste statsleiarar gjennom meir enn 70 år på trona. Ikkje så mange var så heldige å bli inviterte til sommarslottet Balmoral. Blant desse var den dåverande kronprisen av Saudi-Arabia. Han blei invitert til å bli med på ein køyretur rundt på godset. Men ante ikkje at det var dronninga sjølv som skulle køyra han i Landrover hennar. Det var først i 2018 at kvinner fekk lov til å køyra bil i Saudi-Arabia.

Dronninga, som lærte å køyra i militæret under 2. verdskrigen, sette opp farten på humpete og svingete vegar. Til slutt måtte tolken til kronprinsen be ho om å konsentrera seg om vegen og setja ned farten.

Les meir om historia her!

4. Då dronninga ville hjelpa gardsarbeidar med motorstopp.

Denne historia skal ha skjedd ved Highclere castle, betre kjend som Downton Abbey. Då ein gardsarbeidar låg under ein lastebil som hadde fått motorstopp, høyrte han ei kjent stemme som lurte på om han trong hjelp. Det var dronninga som var ute for å lufta ein av hundane sine. Heilt på slutten av 2. verdskrigen blei faktisk dronninga utdanna bilmekanikar.