Konfirmasjon med naturen i sentrum

Det er mange livssyn og trussamfunn som feirar overgangen frå barndom til å bli vaksen. Ein kan konfirmera seg humanistisk eller i kyrkja, ha ein jødisk Mitzva-seremoni, men visste du at det òg finst sjamanistisk konfirmasjon?

Sjamanisme
  • Sjamanisme er ikkje ein religion eller eit livssyn, men kan heller reknast som ein levemåte.
  • Mange kulturar over heile verda har eigne typar sjamanisme. I Noreg hentar sjamanismen inspirasjon frå gamle nordiske og samiske tradisjonar.
  • I sjamanismen er naturen veldig viktig. Sjamanistar meiner at alt som finst har ei sjel.
LES FAKTALUKK FAKTA

Charita er 16 år no, og for to år sidan konfirmerte ho seg sjamanistisk. For ho var sjamanisme det einaste som kjendest rett.

– Sjamanisme ligg i familien min, så sjamanisme var det som verka mest interessant for meg, fortel Charita.

Respekt for naturen

Mange av grunnverdiane i sjamanismen handlar om respekt. Respekt for naturen, for dyra og for kvarandre. Desse tema var viktige i konfirmasjonsundervisninga som Charita fekk.

– Me lærte at alt i naturen har ei sjel, så me må visa omtanke for alt og alle som lev på jorda, fortel Charita.

FØREBUINGAR: Charita og mor Maija som klargjer reinsking med salvie før seremonien og tenner bål. Foto: Privat

Mykje grubling

Charita reiste på konfirmasjonsleir til Valdres. Der brukte dei mykje tid på å tenka, diskutera og kjenna på korleis det var å vera i eitt med naturen.

– Ein kveld fekk me gå ut på eiga hand. Me skulle vandra rundt i naturen og finna ein plass der me fekk tenka godt gjennom kvifor me valde sjamanisme og mange andre store spørsmål, fortel ho.

På leiren fekk dei òg mogelegheit til å laga sin eigen sjamanstav.

– For å laga ein stav må du gå rundt og leita til du finn ein pinne som på ein måte veljar deg. Så kan du pynta den med fjør, kanskje spikka den litt. Den må passa til deg, seier Charita.

HIMMELRETNINGAR: Under seremonien stod alle i ein ring for å retta seg mot himmelretningane: nord, sør, aust og vest. Foto: Privat

Flammar og himmelretningar

Seremonien til Charita føregjekk utandørs, slik mange sjamanistiske konfirmasjonar gjer. Familie og vener samla seg på eit tun i sirkel rundt eit lys. Eigentleg skulle lyset ha vore eit bål, men det var bålforbod då konfirmasjonen hendte.

– Flammen er symbol på reinsking og forvandling, ein skal kasta alt ein ikkje vil ha med seg vidare på bålet for å frigjera seg til neste del av livet, fortel Maija som er mor til Charita.

I sjamanistiske konfirmasjonar er det konfirmanten som tek styringa. Under feiringa si gjekk Charita rundt alle gjestene og reinska energien med krydderet salvie.

– Eg reinska alle gjestene og så fekk eg ønskja alle himmelretningane velkomne, fortel Charita.

TRADISJONELT: Charita saman med ei tradisjonell tromme som mor brukte under konfirmasjonen. Foto: Privat

I sjamanismen ønskjer dei himmelretningane nord, sør, aust og vest velkomne for å opna det spirituelle rommet. Då skal energien flyta betre.

Etter opninga fekk konfirmanten halda tale og så lukka ho seremonien ved å takka himmelretningane.

Kva type konfirmasjon skal du ha?

Kva type konfirmasjon skal du ha?

Humanistisk25
Kristeleg53
Jødisk67
Sjamanistisk12
Ein annan type17
Skal ikkje konfirmera meg18
Svar totalt: 192

Les meir: Kvifor er det så viktig å markera at me blir vaksne?

Les også: Fleire jødiske grupper opnar for kjønnsnøytral mitzva