Nanna og Embla konfirmerer seg humanistisk

– Det er nok vanskeleg å konfirmera seg humanistisk viss foreldra er imot det. Eg hadde nok ikkje snakka så ope om det viss det var slik, seier Nanna Nielsen (14) og Embla Snekkerud Svardal (14).

Kva er konfirmasjon?
  • Konfirmasjon er eit ritual som markerer overgangen frå barndom til vaksenliv. Det er opphavleg eit kristent ritual.
  • I Noreg finst det mange ulike alternativ for konfirmasjon, både i religiøse og ikkje-religiøse samfunn. Det mest vanlege i Noreg er kristen eller humanistisk konfirmasjon.
  • Ein konfirmasjon gjennom Den norske kyrkja handlar om å stadfesta og fornya dåpsløftet. Ein humanistisk konfirmasjon handlar om å læra å ta eigne val og utfordra til sjølvstendig tenking og etisk refleksjon.
  • Ordet «konfirmasjon» kjem frå det latinske ordet «confirmatio», som betyr stadfesting, stadfesting eller styrking.

Kjelde: Ung.no, Wikipedia, SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

Begge jentene kjenner seg trygge på at valet dei har tatt er rett. 

– Då eg var liten hadde eg namnefest. Pappa er veldig opptatt av at foreldre ikkje skal velja ei tru for barna sine, så kristen dåp var ikkje aktuelt. No bestemte eg sjølv at eg vil konfirmera meg fordi eg synest det er ei veldig fin markering av starten av vaksenlivet, fortel Nanna. 

Ho trur mange tenkjer på kristen konfirmasjon som eit nøytralt val – fordi det er det dei fleste gjer. 

– Eg synest at humanistisk konfirmasjon heller bør vera det nøytrale valet. Det er mange 14-15-åringar som ikkje har gjort seg opp ei meining om kva dei trur på, seier ho.

Lura 20220508.
Konfirmasjonsfest. Fra gavebordet.
Foto: Carina Johansen / NTB

Press og pengar

Embla er døypt, men kjenner at det blir feil å stadfesta den kristne dåpen når ho ikkje praktiserer kristen tru. 

– Kristendommen er jo hovudreligionen i Noreg, så eg trur mange vel dåp fordi det er ein tradisjon. Foreldra mine hadde ingen forventningar. Eg høyrer stadig om folk som konfirmerer seg kristeleg fordi andre familiemedlemmer ikkje kjem i konfirmasjonen viss dei vel noko anna enn kristen konfirmasjon. Det synest eg er veldig trist, fortel Embla.

– Ja, og eg har også høyrt om folk som seier dei ikkje får pengar dersom dei ikkje konfirmerer seg kristeleg. Det er synd, seier Nanna.

Vil læra meir

– Eg føler mange trur at me som vel humanistisk konfirmasjon er imot kristendommen. Det stemmer ikkje. Eg respekterer alle religionar, seier Embla. 

Nanna synest alle burde læra meir om val av konfirmasjon i KRLE-timane på skulen.

– Me har lært om konfirmasjon, men ikkje nok om sjølve valet, seier ho. 

Jentene trur det hadde vore vanskeleg å snakka om valet dei har tatt dersom dei ikkje hadde full støtte frå foreldra sine. 

– Det er nok vanskeleg å konfirmera seg humanistisk viss foreldra er imot det. Eg hadde nok ikkje snakka så ope om det viss det var slik, seier Nanna.

Nanna og Embla, Foto: Johanna Bjørge Nerheim