Årets konfirmantar får 52.000 kroner i snitt

For kvart år som har gått, har konfirmantane fått meir og meir pengar i gåve.

Foreldre vil, ifølgje undersøkinga, gi 13.000 kronar i snitt. Men òg besteforeldre er svært generøse og gjev 7.500 kroner i snitt. For gjestene ligg gåvesummen på 900 kroner frå kvar, ifølgje undersøkinga.

For seks år sidan var det berre halvparten så mykje konfirmantane kunne forventa seg.

Av årets konfirmantar har mange allereie konfirmert seg. Neste pulje er til hausten.

Kjenner på eit press

Mange føler nok på eit press rundt gåvebeløp til konfirmanten, anten ein er forelder, besteforelder eller gjest, seier forbrukarøkonomi Silje Sandmæl i ei pressemelding.

Spare pengane

Silje meiner konfirmantane og foreldra bør snakka om langsiktige sparemål, som bustad, studiar eller feriar.

– På den måten unngår konfirmanten å bruka opp alle pengane på kortsiktig moro, seier Sandmæl.

Skal du konfirmere deg?

Skal du konfirmere deg?

Ja, i kyrkja6
Ja, borgarleg2
Nei1
Veit ikkje0
Svar totalt: 9