Kvifor er det så viktig å markera at me blir vaksne?

Christian Lomsdalen forskar på religion ved Universitetet i Bergen. Han fortel at tradisjonar som konfirmasjon og bar/bat/B’nai Mitzva blir markerte fordi overgangen frå barn til vaksen er viktig.

– Det er mange endringar som skjer når ein blir vaksen. Når du blir vaksen får du mange rettar, plikter og ansvar som du ikkje hadde før, seier han. 

Når du blir myndig kan du gjera mykje du ikkje kunne før: Du kan ta førarkort, stemma i val, gifta deg og du er heilt uavhengig av foreldra dine.

Portreittbilete av Christian Lomsdalen.
NYE RETTAR: Christian Lomsdalen fortel at overgangen frå barn til vaksen betyr at ein får mange nye rettar. Foto: Monica Johansen / UiB

Myndig

– Før vart ein vaksen då ein kom i puberteten. Det er grunnen til at mange av desse seremoniane er lagt til 12-15-årsalderen, fortel Lomsdalen. 

No veit me at det er mange ting me ikkje er klare for å bestemma sjølv før me blir 18, til dømes om ein skal gifta seg. Difor er me ikkje rekna som myndige etter me er konfirmerte.

Kva type konfirmasjon skal du ha?

Kva type konfirmasjon skal du ha?

Humanistisk25
Kristeleg53
Jødisk67
Sjamanistisk12
Ein annan type17
Skal ikkje konfirmera meg18
Svar totalt: 192

Les meir: Konfirmasjon med naturen i sentrum