Framleis er det mange nordmenn som kastar batteri feil.
Batterijakten er ein landsdekkjande skulekonkurranse for fjerdeklasse, der elevane lærer om gjenvinning og korleis me kan bli betre på å ta vare på planeten vår. Deltakarane får poeng for å samla inn batteri og løyse vekeoppdrag, og vinnarane kan vinna pengepremiar til klassen sin.
Det er organisasjonen Miljøagentene som står bak konkurransen, i samarbeid med Batteriretur, VARTA og Clas Ohlson.
Gode vanar startar tidleg
– Gjennom Batterijakten lærer elevane å ta vare på dei ressursane me har. Gode vanar startar tidleg, og me trur at dette er ein tankegang og eit engasjement dei tek med seg vidare etter Batterijakten òg, seier Ingvild Swane i ei pressemelding. Ho er prosjektleiar for Batterijakten.
Over 30 prosent av brukte batteri blir ikkje leverte til gjenvinning. Batteri som hamnar feil stad, kan forårsaka stor skade på naturen. Brukte batteri kan også vera brannfarlege.
– Om du har brukte batteri heime, bør du tenkja på branntryggleik. Teip pola, oppbevar
batteria i ein brannsikker behaldar og lever dei til gjenvinning før dei hopar seg opp i store
mengder, seier Ingvild Swane.
Deltakarane har samla inn over 800 tonn brukte batteri sidan Batterijakten starta i 2013. Årets innsamling varer fram til 3. april.