Ung. Forsking har snakka med professor Magne Frostad for å finna svaret.
– Svaret er at dei ofte lurte seg innpå ved å bruka andre land sine flagg. Til dømes ved å bruka same flagg som skipet dei skulle røva, fortel han.
- LES OGSÅ: – Norske sjørøvarar var ikkje som Sabeltann og Sorte Bill
- LES MEIR: Sigla som kaper – dømt som sjørøvar
Så sneik dei seg nært skipet, før dei plutseleg bytta til eit sjørøvarflagg.
– Piratane tok i bruk flagget med bein og hovudskallar for 300 år sidan, seier Frostad.
Dei håpa at flagget skulle vera så skremmande at offera overgav seg utan kamp.
- LES OGSÅ: Enno fleire millionar slavar i verda