Sigla som kaper – dømt som sjørøvar

Her kan du lesa ei spennande sjørøvarhistorie frå den nye boka «Norske sjørøvarar».

Så langt nord og aust det går an å komma i Noreg, ligg Vardø og fortet Vardøhus. Frå denne iskalde utposten, heilt på grensa mot Russland, har soldatar og tenestemenn som oppgåve å sikra kongens interesser i dei nordlege havområda.

Då eit faretrugande skip kjem siglande sommaren 1602, fryktar dei det verste. Heile våren har ryktet gått om at ein skruppellaus pirat har herja langs kysten nordover. Norske handelsmenn og sjøfolk har mista både varer og utstyr. Ein gong tok til og med piratane båten mannskapet brukte til å ro til land, så mennene blei verande fast i skipet i fleire veker før det ordna seg for dei.

Men det slutta ikkje med det. Heilt nord i landet har to nederlandske skip blitt plyndra, og eit engelsk skip har fått verkeleg hard med- fart. Etter det folk har høyrt, blei både kapteinen og fleire av mannskapet på det engelske skipet skotne og kasta på sjøen før plyndra- rane forlét fartøyet.

Illustrasjon: Kristian Krohg-Sørensen

Den frykta sjø- røvarkapteinen ber namnet Philippus Defos, og no er det Vardø som står for tur.

Raskt blir det klart at kongens menn har lite å stilla opp med mot inntrengarane. Piratane fyrer av kanonkuler så det syng mellom øyra på folk, og det oppstår full panikk.

Vardøhus kapitulerer, og byen er okkupert av Defos og mennene hans.

Dei blir ikkje lenge, men før dei reiser igjen, kidnappar dei to norske fiskarar og ein same, som blir tvungne til å sigla vidare på skipet til Defos.

Tre år seinare, i 1605, blir Philippus Defos fakka, truleg på eit tokt i Nord-Noreg. Han blir stilt for retten, der ei lang rekke vitne møter opp for å fortelja om alt det gale han har gjort. Det handlar om plyndring og dårleg oppførsel. Og om å skremma folk. Berre det at ein sjørøvar har vore i området, har nemleg fått enkelte til å droppa handels- reisene sine – noko som har ført til at dei har tapt mykje pengar.

Sjølv er Defos til stades i rettssalen og svarer på skuldingane. Mykje av det som blir sagt, stemmer. Men nesten alle vitna seier noko som Defos meiner er feil. Dei har kanskje tatt litt varer og saker som dei ikkje har hatt rett til, men stort sett har dei gjort opp for seg som ærlege folk, meiner Defos.

Han går nemleg ikkje med på at han er nokon sjørøvar. Tvert om meiner Defos at han har sigla som ein lovlydig kaper frå byen Dunkerque, som på denne tida er under spansk styre. Han legg fram bevis for at han har rett til å kapra alle skip som høyrer til fiendane til den spanske kongen. Det inkluderer både engelske og nederlandske skip.

Då retten les opp dommen, legg dei vekt på at Defos ikkje har bevis på at han har papira i orden for tokta i 1602. Rett nok har han gyldige kaperpapir for 1604 og 1605, men desse gjaldt ikkje i 1602, då Defos herja langs norske- kysten. Dermed var plyndringa av dei engelske og neder- landske skipa sjørøveri og ikkje kaperverksemd. Og sidan dette skjedde i sjøområda som Danmark-Noreg meinte dei hadde råderett over, er det opp til retten i København å dømma.

I tillegg meiner retten at Defos har plyndra både nord- menn og andre som bur i rika til kong Christian 4. Det har han uansett ikkje rett til, verken med eller utan kaperbrev.

Til slutt blir han dømt til døden som sjørøvar.