– Norske sjørøvarar var ikkje som Sabeltann og Sorte Bill

Sjørøvarane me finn i bøker og film er pynta på. Det var ikkje slik det var i verkelegheita, fortel Anders Totland som har skrive boka «Norske sjørøvarar». 

– Sjørøvarar har nok eksistert så lenge folk har segla på sjøen, og det har vore verdiar dei kunne stela. Men eg valde å starta boka på 1300-talet – fordi me frå den tida har kjelder som fortel om dei norske sjørøvarane, seier Totland.

Anders Totland har skrive boka «Norske sjørøvarar».

Det første som gjorde at forfattaren sperra opp augo, var at han fann ut at mange sjørøvarar samarbeidde med kongemakta.

– Ein konge støtta sjørøvarane så lenge dei skada kongen sine fiendar. Kongen kunne hjelpa ved å gje sjørøvarane ei trygg hamn, eller han kunne gje dei jobb som «kaper». Ein «kaper» er ein sjørøvar som er organisert, fortel Totland.

Det betyr at sjørøvaren ikkje kan gjera heilt som han vil – at han jobbar for kongen.

– På 1300-talet blomstra det med sjørøvarar både i Noreg og i andre europeiske land. Og når ein byggjer opp ein røvarbande, byrjar gjerne folk å gjera som dei vil. Det er lett å mista kontroll, fortel Totland.

Den store gullalderen var frå slutten av 1600-talet og fram til 1700-talet.

– Når me nærmar oss 1800-talet er det få historier å finna. Då handlar det meir om den offentleg godkjende kaperverksemda. Då utrusta dei private skip for å kjempa og kapra skipa til fienden. Men, det var strengare reglar for kaperane.

Illustrasjon: Kristian Krohg-Sørensen

Men korleis blei folk sjørøvarar? 

– Det kunne vera at vanlege sjøfolk segla ut på havet der dei møtte på sjørøvarar. Kanskje sa sjørøvarane «bli med oss, eller døy!». Eller kanskje blei folk med frivillig også. I ei verd av naud og svolt kan eit sjørøvarbrorskap vera forlokkande. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at nokon blei med frivillig. Eg trur mange kjende seg utanføre i samfunnet dei levde i. Dermed sa dei ja til å bli med i ein røvarbande, fortel han.

Hadde dei skaut på hovudet og lapp framføre auga?

– Dei ville sjå så skumle ut som mogleg. Gjerne med sminke og skaut på hovudet. Skaut hindra langt hår å komma i vegen i kamp. Elles hadde dei klede med minst mogleg som kunne hekta seg fast. Det var ikkje vanleg å kle seg i bunadssko og festuniform slik som Kaptein Sabeltann. Dei gjekk heller berrfot eller hadde gode støvlar for å bevega seg raskt og smidig. Dei hadde store arr i ansiktet, og laga gjerne fleire arr sjølv. Det er nok sant at mange hadde trefot eller krok. Det røyk gjerne ein kroppsdelar i kamp. Eg har også lese om sjørøvarar som påførte seg farlege sjukdommar fordi dei tenkte dei kom til å sjå forferdeleg skumle ut etterpå. Viss dei overlevde, fortel Totland.

Målet med alt dette var å sjå så skumle ut at fienden gav seg utan kamp.

Illustrasjon: Kristian Krohg-Sørensen

Men kvifor hadde dei lapp over eitt auge? 

– Eg trudde lenge det var fordi dei hadde mista eller øydelagt eit auga – men no har eg lese om ein annan teori. Den handlar om at dei hadde lapp framføre auga for å tola overgangen frå lys til mørke best mogleg. Når dei sprang under dekk, for å kjempa mot fienden, flytta dei lappen over til det andre auga, slik at dei kunne sjå godt i mørket. Me veit ikkje sikkert at dette er sant, men eg synest det verkar smart, fortel Totland.

Er boka veldig skummel?

– Eg synest det er viktig at historia blir fortalt slik det var. Utan å bli pynta på. Sjørøvarane, slik dei blir framstilte i film og bøker, er eit godt stykke frå verkelegheita. Der er dei gjerne både glamorøse og heltar. Eg skriv ikkje ekle detaljar om det grufulle dei gjorde, men eg skriv at folk blei hengt, drukna, halshogd og kjølhalt. Det er ærleg, men brutalt. Lesarane skal ikkje oppleva at eg skjuler noko.