Denne veka vart eit opent brev levert til den britiske regjeringa, signert av blant anna artisten Aurora, klimaaktivisten Vanessa Nakate, komikar Frankie Boyle og forfattar Gemma Styles. I brevet ber dei om at Storbritannia ikkje godkjenner Rosebank-prosjektet.
Rosebank er eit oljefelt som er planlagt nord i det britiske havområdet, vest for Shetland. Equinor har ein 40 prosent eigardel av prosjektet. Dei fyrste planane for prosjektet har allereie vorte avvist fordi dei ikkje hadde detaljert nok informasjon rundt miljøkrava.
No blir dei nye planane behandla. Dei som har signert brevet vil at den styresmaktene skal avvise planane, og heller investere i fornybar energi.
- Les også: Annankvar buss i verda er ein elbuss