Annankvar buss i verda er ein elbuss

Det blir stadig fleire elbussar på verdas vegar. Det er ei god nyheit for klima og luftkvaliteten, men det er samtidig viktig å finna ut korleis batteria kan gjenbrukast.

Ved årets slutt i 2022 var 49 prosent av alle nye selde bussar i verda elbussar. Det viser tal frå analyseverksemda BloombergNEF. 

Dei fleste av dei elektriske bussane finst i Kina, der dei fleste bussane i dag er elektriske, skriv Verdens Beste Nyheter. 

Vassmangel og barnearbeid

Men det er også ting ved elektriske køyretøy som er mindre positive. Dei brukar store mengder litium og andre ingrediensar som blir vunne ut i land der produksjonen gir problem. For eksempel vassmangel i Bolivia eller barnearbeid i koboltminene i Kongo.

På den andre sida krev også fossilbilar mykje minedrift – og oljeboring som har store konsekvensar for miljøet. 

Må ha meir gjenbruk

Ei utfordring som veks seg større rundt omkring er korleis ein skal gjenbruka dei mange millionane batteria. Etter kvart vil avfallsmengda frå dei oppbrukte batteria veksa massivt. 

Ein reknar med at det i 2040 vil vera eit fjell av brukte batteri som veg over åtte millionar tonn. Det svarer til 1,3 gonger vekta av Kheopspyramiden i Egypt, skriv National Geographic. 

Mange ekspertar no med å finna ut korleis ein kan gjenbruka batteria frå elkjøretøy.