Heime hos familien i Oslo har dei to hundar og ein katt. Men i stova står det fire bur som inneheld nokre kjæledyr som er litt mindre vanlege i norske heimar: fire gekkoar og tre rosenbiller. Ein gekko er ein type øgle som er lov å ha som kjæledyr i Noreg. Den største gekkoen, Greg, har dei hatt lengst. Han fekk dei for halvtanna år sidan. Det er søstera Johanne (17) som har ansvar for reptila, men Helena var også veldig begeistra for å skaffa dei.
– Det er veldig gøy. Eg synest det er kjekt å halde dei og klappa dei, når eg får lov, seier Helena Nova Lauvland-Hegdal.
Kravlar rundt
Søstera Johanne har jobba på Reptilparken i Oslo i to år. Der finst det slangar og øgler, men også krokodillar, apar, fisk, froskar, edderkoppar og skorpionar. Helena har fått vore med inn og treft ulike dyr der, så ho er godt van med å vera rundt dei litt uvanlege dyra.
– Eg når dei kravlar rundt på meg, på armane og skuldrene. Og veldig mange reptil har små strekar som auge – det synest eg er veldig kult.
Misforståtte dyr
Johanne fortel at mange synest reptil er veldig skumle; anten det er slangar eller øgler. Ho meiner det er mange misforståingar rundt dyra. Dei dyra som er lov til å ha som kjæledyr i Noreg, er ikkje farlege for menneske. Tvert imot er det mykje lettare for oss å skade dei. Likevel synest mange av venene til Johanne at det er litt skummelt med gekkoar.
– Men eg prøver å få dei til å halde dei. Nokre torer det.
Men sjølv med så mange firbeinte i hus, er det ikkje nok. Helena har veldig lyst å få ein slange etter kvart. Favorittslangen hennar er grøn trepyton. Ho har fått møte ulike typar slangar når ho er med Johanne på jobb.– Eg likar å halde dei rundt handa, seier Helena.