Kva går eigentleg amerikansk fotball ut på?

På søndag gjekk Super Bowl, finalen i NFL, eit av verdas mest sette idrettsarrangement.

Kampane i toppserien NFL, college- og high school-serier fyller stadionar med over 100.000 tilskodarar. Og no på søndag spelte Rihanna i pausen på Super Bowl. Men korleis fungerer eigentleg amerikansk fotball?

Korleis spela det?

Amerikansk fotball handlar om taktikk, strategi, presisjon, hurtigheit og rå styrke. Angripande lag skal kasta eller springa ballen over banen for å få den over mållinja (touch down), medan forsvarande lag prøver å stoppa ballen og angriparane. Angripande lag har fire forsøk på å flytta ballen 10 yards framover, klarer dei det får dei fire nye forsøk. Klarer dei det ikkje, går ballen over til forsvarande lag.. 1 yard er 91,44 centimeter.

Amerikansk fotball krev mykje taktikk, styrke og at du er god til å kasta og ta i mot den ovale ballen. Foto: NTB, AP Photo/Marcio J. Sanchez

Kvar kamp startar med kickoff: ein spelar frå eitt lag set ballen på 30-yardlinja og sparkar den inn på banehalvdelen til motstandaren – så hardt og langt han kan. Der ventar ein annan spelar på ballen, som, verna av dei ti andre spelarane på laget hans, har i oppgåve å springa med ballen så langt som mogleg mot ein del av felta til motstandaren. På punktet der han blir stoppa (dvs. berører bakken med kneet, olbogen eller ryggen), vil laget hans starta neste aksjon. Begge formasjonane stiller opp – kvar spelar i sin førehandtildelte posisjon.

Poeng blir skåra på mange måtar, til dømes ved å bera ballen over mållinja (goal line), kasta ballen til ein spelar bak denne linja (end zone), eller ved å sparka ballen i mål (field goal). Ballen kan flyttast ved å sparka han, bera han, kasta han eller gi han frå hand til hand mellom spelarar (oftast blir kasta han for hand).

Ein NFL-kamp er delt inn i fire kvarter på 15 minutt. Laget med flest poeng når speletid er ute og den siste handlinga blir avslutta, vinn.

Rihanna song i pausen på Super Bowl søndag kveld. Foto: NTB, AP Photo/Matt Slocum

Ei storhending

Super Bowl er det siste meisterskapspela i amerikansk fotball (profesjonell NFL). Det er litt som Champions League-finalen, berre i mykje større skala. Det er ikkje berre eit sportsarrangement, men også ei stor kulturhending.

Meisterskapsfinalen i profesjonell amerikansk fotball tiltrekkjer meir enn hundre millionar amerikanarar til tvsjåarar. Det er det mest sette programmet på TV. Finalen er derfor ei unnskyldning for å arrangera heimefestar og sjå saman. Mange går også på barar, der det er store tv-ar.

Halftime er ein pause i kampen, der det blir sendt reklamar og eit stort show finn stad på grasbanen til stadionen. Det er ein konsert med deltaking av ein eller fleire musikkstjerner. Artistane konkurrerer mange månader før om å bli invitert dit, for det er stor prestisje. Scena går inn på banen og konserten byrjar. Tidlegare inkluderte pauseframsyningar: Justin Timberlake, Beyonce, Lady Gaga, Katy Perry, Madonna, Prince, U2, Aerosmith og Michael Jackson. I år, søndag 12. februar, var det Rihanna som song.

Super Bowl-reklamar krev mykje meir innsats enn vanleg og er svært dyre å produsera. Amerikanarane stemmer på dei beste og diskuterer kampane heftig.
Har me dette i Noreg?

Amerikansk fotball i Noreg blir arrangert av Norges idrettsforbund (NIF).
Det er cirka 1000 aktive spelarar i Noreg. Ligakampar finn stad dei fleste månadene i året. Organiserte ligakampar har vorte haldne sidan slutten av 1980-talet.
Noregs Amerikanske Idretters Forbund melder at det er 35 amerikanske fotballklubbarar i forbundet, og om lag halvparten har lag som speler i serie.