Flagget skal vere eit symbol på samhøyrsle og felles opphav.
Dette betyr fargane
Skogfinnar er etterkomarar av finske innvandrarar til Noreg frå tidleg 1600-tal. Tradisjonelt har skogfinnar budd på Finnskogen i Hedmark, men i dag bur skogfinnar over heile Noreg.
Fargane og forma til det nye flagget er alle valt med omhu:
Grønt skildrar skogen si betydning for skogfinnar sin svedjebrukskultur. Svedjebruk er ein metode for å drive jordbruk. Det betyr at ein brenner skog, og så dyrkar mat i oska.
Gult står for svedjerug. Det er ein type rug som trivest godt i jord som har vorte drive med svedjebruk.
Raudt står for eld og treet rogn. Rogna vert rekna som heilag i skogfinsk kultur.
Svart står for sotet som oppstår etter svedjing og for dei sotete veggane i røykstover, røykbadstover og rier (tørkehus).
Forma til det svarte feltet er i tillegg eit gammalt symbold for fruktbarheit.
Les også: Slik kunne det norske flagget sett ut!