Mannen i 20-åra var i Hordaland tingrett i ei veke, tiltalt for grov valdtekt av ei jente, valdtekt av to og seksuelle handlingar med fem jenter.
No er han dømt til fengsel i åtte år. Han er òg frådømt retten til å vera lærar for born og unge på ubestemt tid, og han er dømt til å betala til saman 900.000 kroner til borna.
Mannen nektar for at han har gjort noko gale. Han vil anka dommen.
Overgrepa skal ifølge tiltalen ha skjedd ved to skular i skuleåret 2020–2021.
Rettsaka skjer etter at tre jenter i alderen 6 til 8 år varsla om at assistenten deira hadde overgripe seg på dei. Dei forstod at det mannen gjorde mot dei var ulovleg etter at dei såg ein episode av «Supernytt», skriv NRK.
Episoden handla om overgrep. Du kan sjå Supernytt-episoden som jentene skal ha sett på NRK.
Her kan du lesa meir om kva overgrep er.
Jentene meldte frå til helsesjukepleiaren på ein av skulane, som varsla politiet om det jentene hadde fortalt. Dei var redde for at mannen skulle gjera det same med andre born på andre skular.
– Me ville stoppa han, sa ei av jentene til politiet i avhøyr.