Du treng:
- 2 egg
- 1 teskei sukker
- 1 klementin
- 1 spiseskei margarin
- 1 teskei melis
Slik gjer du:
- Knekk egg i ein liten bolle.
- Ha sukker i bollen.
- Del ein klementin i to.
- Klem ut safta av den ene halvparten i bollen med egga. (Fjern eventuelle steinar).
- Skrell den andre halvparten og ta båtane frå kvarandre. (Fjern eventuelle steinar).
- Bruk ein gaffel og visp eggeblandinga saman.
- Sett steikepanna på plata og skru på middels varme. Kjenn at panna er god og varm, og ha i margarin.
- Hell eggeblandinga over i steikepanna når margarinen sluttar å bruse.
- Skyv eggeblandinga inn mot midten av steikepanna når den byrjar å stivne.
- Legg på klementinbitane på omeletten når den nesten har stivna.
- Bruk steikespaden til å brette den eine sida av omeletten over klementinbitane.
- Legg forsiktig omeletten over på ein tallerk.
- Bruk ei sikt eller tesil og dryss melis på toppen av omeletten.
Hugs å vaske opp og rydde etter deg når du er ferdig!
(Kjelde: Matstart.no / Matprat.no)