Fleire selskap droppar Kanye West for jødehat

Artisten har spreidd konspirasjonsteoriar på sosiale medium

Kanye West, også kjend som Ye, har spreidd antisemittiske konspirasjonsteoriar om jødar gjennom intervju og sosiale medium.

Han har blant anna skrive at han skulle gå «death con 3 på jødiske menneske» på Twitter. Det er eit ordspel på kodeorda «defcon», ein militær forsvarsstrategi.

Kanye West er no utestengd frå både Instagram og Twitter. I tillegg har selskap som luksusmerket Balenciaga, kleskjeda Gap, banken JP Morgan og Adidas brote samarbeida med artisten.

I 2021 auka talet på antisemittiske hendingar med 34 prosent i USA, samanlikna med 2020. Organisasjonen Anti-Defamation League melde om 2717 hendingar. Det er det høgaste talet dei har registrert nokon gong.


Kollasj av Framtida. Foto: US Mint, Paramount photo, Public domain, via Wikimedia Commons