FAKTA OM GRØNLAND
- Grønland (grønl. Kalaallit Nunaat, «menneskenes land») er verdas største øy.
- Geografisk høyrer øya til Nord-Amerika, men politisk til Europa.
- Grønland var frem til 5. juni 1953 ein dansk koloni.
- Etter ei folkeavstemning i 1978 fekk Grønland sjølvstyre frå 1. mai 1979.
- 21. juni 2009 fekk dei utvida sjølvstyre på dei fleste område, bortsett frå i utenriks- og sikkerhetspolitikken.
- Grønland har gradvis fått meir og meir av ansvaret frå den danske staten.
(Kjelde: Wikipedia)
14-åringen frå Årdal i Ryfylke vil gå i Fridtjof Nansen sine fotspor og krysse Grønland på ski, skriv NRK.
– Eg har vakse opp i naturen, og er jo nærast født med ski på beina, seier Karen Malena.
Krevjende rute
Fridtjof Nansen, som var ein norsk polfarar og oppdagar, gjekk over Grønland frå aust til vest, medan Karen Malena skal gå frå vest til aust. Ekspedisjonen blir i starten av mai, og ho skal reise med ei gruppe på mellom seks og åtte menneske. Ruta er 600 kilometer lang, og tar omlag ein månad.
– Det verkar som eit fantastisk eventyr og ei oppleving for livet, seier Karen Malena, som har drive med ski, jakt og friluftsliv sidan ho var lita.
– 14-åringar kan klare dette
Eventyraren Aleksander Gamme har gått tre gongar over Grønland på ski. Han har stor tru på at Karen Malena kan få dette til.
– Å krysse Grønland på ski er eit fantastisk eventyr. Men turen er også lang og krevjande. Det er likevel ikkje noko i vegen for at 14-åringar kan klare det. Ein kan vera både fysisk og godt mentalt rusta i den alderen, seier han til NRK.