Forskarar er ueinige om kva som er verdas lengste elv

Ein ekspedisjon skal finne ut om Amazonas er lengre enn Nilen.

CNN skriv at i 2024 skal ei gruppe på om lag 10 forskarar reise på Amazonas gjennom Peru, Colombia og Brasil. Den 7 000 kilometer lange ekspedisjonen er venta å ta fem månader. Når reisa er over, håper forskarane å ha svar på om Amazonas er lengre enn Nilen.

Offisielt er Nilen verdas lengste elv. Men forskarane som skal delta på ekspedisjonen, meiner at andre tidlegare har begynt å måle lengda på Amazonas på feil stad. Dei meiner at elva startar ein annan stad enn forskarar har målt, og at Amazonas er verdas lengste elv.

Lagar nytt kart

I april til neste år set dei seg derfor på ein båt for å måle opp og kartlegge elvesystemet. Dei vil vere den første ekspedisjonen som prøver å reise heile lengda av Amazonas. I tillegg til å lage eit nytt kart over elva, skal dei filme til ein dokumentar som viser det rike plante- og dyrelivet i området.