Mina (10) gjekk 600 kilometer på ski over Svalbard

Etter 44 dagar i Arktis kom Mina Floriana Read og pappa Alexander Read fram til nordspissen av Svalbard. No er Mina den yngste som har gått frå sør til nord over Spitsbergen.

Fakta om turen:
  • Starta: 26. mars 2026
  • Varte i 44 dagar
  • Rundt 600 kilometer på ski
  • Cirka 7000 høgdemeter
  • Gjekk frå sør til nord på Svalbard
  • Skal bli til kinofilm i 2027
LES FAKTALUKK FAKTA

I 44 dagar har Mina Floriana Read og pappaen hennar, Alexander Read, gått på ski gjennom snø, is og sterk vind på Svalbard.

Turen var rundt 600 kilometer lang. Undervegs drog dei pulkar med utstyr, sov i telt og opplevde både stille vêr og kraftige stormar.

5. mai nådde dei Verlegenhuken, det nordlegaste punktet på hovudøya Spitsbergen, ifølgje ei pressemelding.

– Eg gjekk ganske langt dei siste dagane, og eg var veldig glad då me endeleg nådde nordspissen av Spitsbergen. Der var det eit magisk flott lys, seier Mina.

Mina saman med pappa Alexander. Foto: Alexander Read

Nakne fjell og smeltande is

På turen såg Mina korleis klimaet på Svalbard er i endring.

– Det er veldig dumt at breane smeltar så fort. For då kan det henda at andre ikkje får sjå dei sånn som me gjer no.

Ein bre er store mengder is og snø som har samla seg gjennom mange år. Mina fortel at ho tenkte mykje på naturen undervegs.

– Før var det mykje meir is her. No er det mindre. Og det er litt rart å tenkja på at det kanskje berre forsvinn.

– Kanskje det er klimaendringar. Kanskje det er menneske. Eller gass og sånt. Men uansett så skjer det jo.

Pappa Alexander Read seier dei merka store forskjellar frå tidlegare turar på Svalbard.

– Undervegs har me verkeleg fått erfara kor store klimaendringane på Svalbard har vorte. Planen var opphavleg å bli henta ut med snøskuterar, men vêr- og føreforhold gjorde at me i staden returnerte til Longyearbyen med båten Farm i dag, 7. mai – ein båttur som tek rundt 30 timar. Klimaendringane på Svalbard gjer sterkt inntrykk og set i gang mange refleksjonar om framtida barna våre skal veksa opp i, seier Alexander Read.

Teltet dei overnatta i. Foto: Alexander Read

Samla forskingsprøver

Undervegs samla Mina snøprøver til forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet.
Forskarane undersøkjer om det finst PFAS i snøen. PFAS blir ofte kalla «ævekjemikaliar» fordi stoffa brukar svært lang tid på å brytast ned i naturen.

– Me leitar etter ævekjemikaliar. Eg håpar eigentleg at me ikkje finn det. For det er ganske dumt dersom det er der.

– Eg har samla mange snø prøver, skrive dagbok og ført notat til forskarane som eg har med heim i pulken min. Eg håpar eigentleg ikkje dei finn ævekjemikaliar i prøvene, for det er dumt for dyra, menneska som lever der og miljøet, seier Mina.

Mina samla snøprøver til forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet. Foto: Alexander Read

Turmagi i teltet

Sjølv om turen var tøff, hadde far og dottar også mange fine stunder saman.

– Ekspedisjonen har vore ei heilt fantastisk oppleving for oss begge. På denne turen fann me kanskje den største turmagien i dei heilt enkle stundene saman. Anten det var i teltet med speling, lesing og hårfletting, eller i gode samtalar om stort og smått, skapte me mange fine stunder – både i pausane og medan me gjekk, seier Alexander Read.

Mina likte spesielt naturen – og aking.

– Naturen her er kjempevakker. Eg liker beste fjella og snøen. Det er liksom heilt stille og veldig stort.

– Eg liker å vera her. Spesielt når me kan aka litt. Det er noko av det beste eg veit.

Ho meiner menneske må passa betra på naturen.

– Om me øydelegg naturen så øydelegg me oss sjølve. For me treng han heile tida utan å tenkja over det.

– Daddy, du seier at me er naturen. Eg skjønner det litt. For me må jo ha luft og tre og alt sånt for å leva. Me må ha tre for å pusta. Men også for å klatra. Og eit liv utan å klatra i tre er ikkje noko bra liv, seier Mina.

No gler ho seg til å komma heim igjen.

– Eg fekk ikkje sett isbjørn, men eg såg masse isbjørnspor, polarrev, reinsdyr og fuglar. No gler eg meg mykje til å komma tilbake til familien, klassen min og sykkelen min. Og snart er det 17. mai, og då skal eg eta mange softisar.

Foto: Alexander Read