FAKTA OM BOKHYLLA.NO
- Nasjonalbiblioteket starta i 2006 ei digitalisering av alle samlingane sine.
- Digitaliseringa sikrar at bøkene blir bevart for framtida.
- Bøkene på Bokhylla.no er fritt tilgjengelege for lesing på nett for alle med norsk IP-adresse.
- Bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg verna, kan i tillegg lastast ned og skrivast ut.
- Noreg er så langt det einaste landet i verda som har fått til ei slik teneste.
Kring 250 000 bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000 kan du no finne i bokhylla.no.
– Eg meiner at litteratur og kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Stor jobb
Det er Nasjonalbiblioteket og Kopinor som har gjort dette mogleg.
– Sidan 2006 har Nasjonalbiblioteket jobba med å digitalisera samlinga. Vi har nådd eit mål mange meinte var umogleg å gjennomføra, seier direktør Aslak Sira Myhre.
Ingen andre har klart det
Det vekte stor merksemd då Noreg i 2012 som fyrste land i verda kunngjorde at alle bøker som var gjevne ut til og med tusenårsskiftet, skulle digitaliserast og leggjast fritt ut på nettet for heile befolkninga.
Nasjonalbiblioteket og Kopinor vil i laupet av 2018 innleia samtalar om ei mogleg utviding av avtalen til å omfatta bøker gjevne ut seinare enn 2000.