Dyreparken er Noregs største familieattraksjon. Kvart år er det over 1 million menneske som kjem på besøk, for å sjå på dei 117 ulike dyreartane, reisa på omvising i Kardemomme by, på KuToppen og i Hakkebakkeskogen.
Denne sesongen kan publikum venta seg mange spennande nyheiter i parken.
- Les også: Mange dyr på båttur manglar redningsvest
Mange spennande nyheiter
«Lagunen Beach Club» er ny denne sesongen, og er spesielt tilpassa dei større barna. Der kan ein mellom anna boltra seg i ei gigantisk hinderløype.
Nytt av året er også overnatting i Juliusskogen, digitale opplevingar i Kardemomme by sitt filmstudio, at Savannen kjem til å bli dobbelt så stor og Kaptein Sabeltann får ein heilt ny kveldsforestilling. Sistnemnde forestiling byggjer vidare på forteljinga om Grusomme Gabriels skatt.
Den skumle sjørøvaren er ein av favorittane til marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken, Anniken Bjørnstad Schjøtt.
– Blir meir spektakulær enn nokosinne
– Det er heilt magisk å sjå ei slik oppsetjing i mørket på kvelden. Eg gleder meg spesielt til årets framsyning, som blir meir spektakulær enn nokosinne, seier ho.
Utanom dette likar ho veldig godt å besøka tigrane i Dyreparken, som er av typen amurtiger.
– Eg likar spesielt godt å helsa på dei, når det er tigerpresentasjon. Då er det ein dyrepassar som fortel litt om eigenarten til dyret, i tillegg til utfordringane det står overfor i naturen, seier Bjørnstad Schjøtt.
Ein god sommar
Sommaren ser ut til å bli bra for Dyreparken, sjølv om mange reiser på ferie til utlandet. Mange har bestilt billettar, kan Bjørnstad Schjøtt fortelja.
– No som ein kan reisa meir enn dei førre åra, så var me litt spent på om pågangen ville vera like høg. Slik det ser ut per no så blir det nok ein god sommar i Dyreparken, seier ho.