Mange dyr på båttur manglar redningsvest

Berre halvparten av dei som har med seg kjæledyret sitt på båttur, brukar redningsvest på dyret.

Det betyr at den andre halvparten ikkje brukar redningsvest til dyret sitt – og det er ikkje godt nok.

Hasse Lindmo, som er direktør for kommunikasjon i Redningsselskapet, meiner alle kjæledyr i båt bør ha på seg redningsvest.

– Sjølv om mange hundar er gode symjarar, kan dei få panikk dersom dei fell over bord, og dei kan raskt bli utmatta og nedkjølte. Det kan også vera vanskeleg å finna att og løfta ein hund som ligg i vatnet om bord i ein båt. Derfor anbefaler me å velja vestar med handtak på ryggen slik at hunden kan heisast om bord dersom den hamnar i sjøen, seier han til Båtmagasinet.

GIF: giphy.com

Øv på å ha på redningsvesten

Også hundeekspert i dyrebutikken Musti, som heiter Magda Nawrocka, åtvarar mot å ta lett på kor trygg båtturen er for våre firbeinte vener.

Ho trur mange ikkje brukar redningsvest på hunden, fordi det er plagsamt eller ubehageleg for dyret. Slik treng det ikkje å vera, då det blir laga redningsvestar i mange forskjellige storleikar. Det fører til at hunden både er sikker og kan røra på seg.

For dei som har hundar som ikkje likar å ha på seg redningsvest, har ho følgjande tips:

– Det å la hunden ha på vesten i forkant av båtturen, kan hjelpa han med å venja seg til han, seier ho i ei pressemelding.