I mai månad var det 54 masseskytingar i USA. I april var det 66, skriv Newsforkids.
Det finst ulike definisjonar på kva ei «masseskyting» er. Vanlegvis blir det omtalt som ei hending der «meir enn fire personar blir skadd eller drepne», som følgje av at nokon brukar eit skytevåpen.
Ut frå denne definisjonen, er det meir enn ein masseskyting kvar einaste dag i USA.
400 millionar våpen – 329,5 millionar menneske
Mykje av grunnen, er det enorme talet på våpen som finst i landet.
Totalt er det 400 millionar våpen i USA. Det er dobbelt så mange per person som i alle andre land.
Newsforkids skriv at mange amerikanarar meiner at det å eiga sitt eige våpen, er ein viktig del av livsstilen deira. Fordi den amerikanske grunnlova seier at folk kan «bera og eiga våpen», meiner dei at dei har rett til det.
Vil ha strengare reglar
Skuleskytinga i Uvalde har starta ein ny nasjonal debatt som handlar om tilgangen til skytevåpen.
Hundrevis av elevar på forskjellige skular i USA har demonstrert med å forlata klasserommet, og fleire store politikarar har sagt at det er nødvendig å endra våpenpolitikken i USA, skriv Framtida.
Mange meiner at det burde ha vore reglar for kva våpen ein har lov til å eiga, og ei aldersgrense for kor gamal du må vera for å kjøpa eit våpen.
Grunnlova vart skrive på eit tidspunkt der det ikkje fanst angrepsvåpen, som no er populære blant dei som eig våpen i USA. Sjølv om våpena i dag er blitt kraftigare og meir dødelege, har ikkje grunnlova endra seg.