Det betyr at Noreg hittil i 2022 har gitt totalt éin milliard kroner til organisasjonen. Dei arbeider for auka mattrygging og motverka svolt, skriv NRK.
I byrjinga av året fekk organisasjonen 400 millionar – pengar dei kan bruka på dei sakene dei sjølv meiner er viktigast. I tillegg har organisasjonen fått 300 millionar til hjelp i Ukraina, og 15 millionar til hjelp i Afghanistan.
Mange kriser
Dei siste 285 millionane skal gå til arbeidet organisasjonen gjer i andre svoltramma land.
– Den humanitære innsatsen i Ukraina skal ikkje gå ut over innsatsen i andre humanitære kriser i verda. Både koronapandemien og krigen i Ukraina er med på å forverra mange kriser, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt til NRK.