Vesle og modige Patron, ein 2 år gamal Jack russell terrier, er med i det ukrainske forsvaret. Han brukar supernasen sin til å snusa seg fram til bomber og miner i byen Tsjernihiv. I forbindelse med den pågåande krigen, gjer han ein kjempeviktig jobb for heimlandet sitt.
Ifølgje Daily Paws, hadde Patron sniffa seg fram til meir enn 90 eksplosiv sidan krigen starta i slutten av mars. No er dette talet oppgradert til 150, skriv CNN.
- LES OGSÅ: Rotta Magawa har fått heltemedalje
Kjendis i Ukraina
Innsatsen i krigen har gjort Patron til ein av dei mest kjende hundane i Ukraina. Kjendisstatusen har no gitt han meir enn berre godbitar, for søndag fekk han nemleg heiderspris.
Og den fekk han frå sjølvaste presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj.
Fekk heiderspris
Prisen er eit symbol på innsatsen Patron har lagt ned, heilt sidan Russland invaderte Ukraina i februar.
Zelensky gav Patron og eigaren hans, Mykhailo Iliev, statsprisen «For Dedicated Service». Prisen vart delt ut på eit møte med den kanadiske statsministeren, Justin Trudeau.
Sidan mineryddingslaget til Patron har brukt teknologi frå Canada i arbeidet sitt, var også den kanadiske statsministeren til stades.
– Ingen maskin kan måla seg med nasen til hunden
Hundar er blitt brukt til å sniffa etter eksplosiv og miner dei siste 100 åra. Dei har rett og slett ein nase som er perfekt for dette arbeidet.
William Cronin, som er direktør for direktør for «American K-9 for Afghanistan og Mali, Vest-Afrika», beskriv hundenasen slik, i ein artikkel for den amerikanske hæren:
– Ingen maskin kan måla seg med nasen til hunden. Når du går inn på kjøkkenet til bestemora di, luktar du lapskaus. Men når hunden går inn på kjøkkenet til bestemora di, så luktar han gulrøter, pepar, tomatar og salat, fortel han.